Viktige norske oppfinningar

Her kan du lese nokre av dei norske oppfinningane, som du kanskje ikkje visste var norske.

Ein oppfinnar er ein person som oppdagar nye metodar, hjelpemiddel eller apparat for å utføre ei oppgåve.

For at du skal finne opp noko nytt så må du lage noko som ikkje finst allereie.

Når du har laga eit produkt som ein veit ingen andre har laga, kan du søke patent på det. Det vil seie at du får rettane til produktet. Slik kan du tene pengar på det.

Kunstgjødsel (Foto: Wikipedia)

Her er nokre viktige norske oppfinningar

  • Kunstgjødsel: Kjemisk framstilt plantenæring. Dette er ei viktig oppfinning som har ført til at verda har fått meir mat. Oppfinninga vart starten på Hydro og logoen med vikingskip er over heile verda kjent som eit merke for kunstgjødsel.
  • H-vinduet (Foto: H-vinduet.som)

    H-vindauget: Er kjent som vindauget som kan snuast rundt sin eigen akse.

  • Sprayboksa: Forska fram i eit laboratorium hos malingsfabrikken Alf Bjercke i 1926.
  • Rottefella skibinding: Rottefella er framleis ein av verdas mest solgte skibinding.
  • Ostehøvel (Wikipedia)

    Ostehøvelen: Takk og lov så laga Thor Bjørklund opp denne ostehøvelen.

  • Tripp-trapp-stolen: Denne stolen har du kanskje brukt? Den er norsk og designa av Peter Opsvik. Produsert av Stokke-gruppa.
  • Panteautomat: Brørne Petter og Tore Planke laga automaten som har gjort at vi kan pante tomflasker.