Er dette verdas eldste dyr?

Det levde for mellom 571 og 540 millionar år sidan, men ingen har visst om det er eit dyr, ein sopp, eller ei diger, eincella organisme.

Kva er ei eincella organisme?

Ei eincella organisme er eit levande vesen som kun består av ei celle.

LES FAKTALUKK FAKTA

Viss forskarane har rett, kan dette vera eit av dei aller fyrste dyra som levde på jorda, skriv Forskning.no.

Denne krabaten høyrer til slekta Dickinsonia, og den levde på havbunnen. Forskarane seier den er så mystisk at den kunne vore frå ein annan planet.

Verdshistoria

Dei har vore usikre på om det kanskje er ein sopp eller ein eincella organisme, men no meiner dei bestemt at dette må vera eit dyr.

Dette er dermed det eldste dyret som kan plasserast i verdshistoria.

Her har en kunstner forsøkt å se for seg hvordan en av disse organismene kan ha sett ut i virkeligheten. (Bilde: Stanton F. Fink/CC BY-SA 2.5)
KUNST: Her har ein kunstnar laga eit bilete av korleis dyret såg ut i røynda. (FOTO: Stanton F. Fink/CC BY-SA 2.5)