Iver var ny på skulen: – Læraren har ei viktig rolle

Iver Formo (9) byrja på ny skule. Han hadde sommarfuglar i magen, for alt det nye og ukjende som venta han.

– Eg grudde meg og var skikkeleg nervøs, men så starta eg – og det gjekk fint.

Å kome som ny elev på ein heilt ny skule, kan vere skummelt for dei aller fleste. Det er nye klassekameratar, nye lærarar, nytt klasserom og nye reglar. Det er så mange ting å halde seg til. Det er rett og slett veldig mykje nytt som skal lærast.

– Då eg møtte opp i 4a bestemte eg meg for at det skulle gå bra. Og det gjorde det, seier Iver.

Ivar var veldig heldig, for to av gutane i den nye klassa kjente han litt frå før. Dei gjekk nemleg i barnehagen saman.

GODE VENNER: Iver fekk raskt gode venner i den nye klassa. Og når dei nye klassekameratane får spørsmål om korleis det var å bli kjent med Iver seier alle at det var veldig gøy.

Skal bry seg om meg

– Eg har det faktisk mykje betre her enn på gamleskulen, seier Iver.

Kvifor det er slik kjem av fleire grunnar. Men ein av grunnane er læraren si rolle.

– Læraren er superviktig. Læraren skal bry seg om meg.

– Ein lærar skal vere snill, men ikkje vere for streng, seier Iver med eit lurt smil. – Læraren skal sjå at alle har det bra, og hjelpe til dersom det er noko.

Må trene seg på å vere sosial

Henriette er ein slik lærar. Ein som bryr seg. Ho er kontaktlærar for 4a, og heile klassa har vore med på at 4a og Iver skal bli godt kjente. Dei har hatt leikegrupper, bli-kjent-leikar, hatt samtalar og gjort fleire sosiale ting saman.

– Noko av det viktigaste ein må lære seg er å vise respekt for kvarandre.

– Ein må også trene seg på å vere sosial. Det er også noko ein må øve på, seier kontaktlæraren.

GIR GODE RÅD: Iver Formo (9) starta i ny klasse. – I 4a trivst eg, seier han.

Gode råd

Iver har nokre råd til andre som skal byrje på ein ny skule

  • Gå bort og sei hei.
  • Ver med på leiken.
  • Ver snill og høfleg.

Det aller viktigaste tipset gjeld alle

Om ein ikkje har det bra på skulen må ein snakke med ein vaksen. Då blir det som regel alltid betre.