Fylka som har lese flest bøker per brukar
- Sogn og Fjordane
- Møre og Romsdal
- Rogaland
- Hordaland og Buskerud
I år har det vore super-duper-rekord med Sommarles. Barn i Noreg har i snitt lese ti bøker og over 1000 sider kvar. Det her vorte lese (hald deg fast) over éin million bøker.
Favorittbøker
– Bøkene om Detektivbyrå nr 2 har vore den store slageren i heile sommar, seier prosjektleiar for Sommarles, Pernilla Slotte Hjermann til Framtida Junior.
– Alle pallplasseringane har Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes (illustratør). Men også Gutta i trehuset-bøkene har vore veldig populære. Generelt sett ser det ut som at barn likar bøker med litt mysterie og spaning, seier Pernilla.
Biblo Tøyen med sjølvlaga premiar

På Biblo Tøyen møtte Framtida junior tre bokslukarar som har vore med på Sommarles. Volkan Akin kan du lese om på hovedbilete. I tillegg snakka vi med Amanda og Linnea.

Amanda Hjellset 11 år
- Om seg sjølv: Lesehest
- Level: 30
- Har lese: 34 bøker, 5337 sider
Anbefaler
- Hestejenter-serien
- En pingles dagbok-serien
- Pax-serien

Linnea Bang 11 år
- Om seg sjølv: Elskar å lese
- Level: 30
- Har lese: 26 bøker, 2758 sider
Anbefaler
- Hei, det er meg
- Barnevaktklubben (tre bøker)
- Guro-serien