Alt tyder på at denne historia er sann

Maria Isabell Sævik (13)  kjem frå Herøy kommune. Frå huset der ho bur kan ho sjå bort mot Herøyholmen.

Då eg gjekk i 6. klasse var vi på klassetur og fekk omvisning på Herøy gard. Det er ein gamal handelsstad som ligg i Herøy kommune, og like ved ligg den gamle gravplassen, der Anna med barnet ligg.

Der var ein omvisar som fortalte oss historia om Anna med barnet. Eg hugsa at eg fekk ei grøssande kjensle. Eg vart litt redd og ganske forskrekka då eg høyrde kva som hadde skjedd med henne.

Denne historia er gamal. Grava står der som eit tydeleg spor om ei kvinne og eit barn.

Eg vel å tru at det er sant, seier Maria.

Alle barn i Herøy kommune lærer om Anna med barna.

Alt tyder på at denne historia er sann, men sikker kan ein aldri vere. Uansett så lever historia om Anna med barnet vidare, og ho blir neppe gløymt så lenge jernkrossen står.