Ei forferdeleg historie om Anna med barnet

På ein holme i Herøy kommune ligg ein gamal ruin av ei kyrkje. Like ved ligg gravplassen, og midt blant dei gamle gravene står eit stort, svart jarnkross og ruvar i veret. På krossen står det «Anna med barnet 2.2.1841».

Anna med barnet er ei forferdeleg historie om ei kvinne som fødte sitt barn i grava. (Foto: Christian W. Gjerde)

Anna blei sjuk

Anna hadde sju barn, men berre fire av dei var i live då Anna skulle føde sitt åttande barn. Det var jul og ho var høggravid. Då januar kom blei Anna sjuk. Under fødselen gjekk det gale, og Anna døde før barnet vart fødd, 23. januar 1841. Anna blei berre 41 år gamal.

Anna blei gravlagd 2. februar, utan prest fordi han ikkje var tilgjengeleg desse dagane. Jordfestinga skulle haldast når presten var attende. Fordi jordpåkastinga på kista skulle skje seinare, vart det satt ned eit jarnrør gjennom jorda, og ned på kisteloket, slik at presten kunne kaste jorda på kista.

Høge skrik

Seinare på kvelden, same dag som Anna hadde vorte gravlagt, tok handelsmannen Jakob Olsen, som hadde eit handelshus på holmen, ein tur oppom grava, før han skulle ro heim til huset sitt. På veg mot grava høyrde han nokre merkelege lydar, som om nokon skreik. Jakob forstod at lydane kom frå jarnrøret. Jakob fekk tak i nokre folk borte på tunet og byrja straks å grave opp grava.

Anna med barnet

Kista vart opna, men det vart for seint, Anna var død, og ho hadde fødd eit lite barn som også var livlaust. Til minne om Anna og barnet, blei det satt opp eit jarnkross med teksten Anna med barnet.

Anna var skinndød

Mest truleg var Anna skinndød då ho blei gravlagd. Det er ein dødliknande tilstand der alle livsytingar er så svake at det er vanskeleg å sjå at det er liv. Kroppstemperaturen synk, huda vert kald, og det er ikkje synleg andedrett. Pulsslag og hjartet er vanskeleg eller umogeleg å kjenne. Skinndød er ein sjeldan tilstand, og ein skal IKKJE verre redd for at det kan hende med deg. Dette skjedde for mange, mange år sidan då ein ikkje hadde alt av apparat til å undersøke.

Alt tyder på at denne historia er sann, men sikker kan ein aldri vere. Uansett så lever historia om Anna med barnet vidare, og ho blir neppe gløymt så lenge jernkrossen står.

Kjelde: DigitaltMuseum / Store medisinske leksikon