Dette må vi gjere noko med

Vi må redde jordkloden før det er for seint. Det er masse plast overalt, og mange dyr døyr av det kvar dag. Kvifor brennast regnskogen ned? Temperaturen på jorda stig kvart år. Vi veit det, men gjer ingenting.

Regnskogen

Kvart år blir regnskogen brent som tilsvarar utslippet av alle verdas bilar i året. Det er enormt masse!! Kvifor kan vi ikkje slutte å brenne regnskogen? Det har tatt fleire tusen år å lage regnskogen og 60 år og øydelegge den. Eg skjønar at dei sikkert tener masse på å hogge tre, men vi treng ikkje å øydeleggje jorda heller da, meiner eg. Det må finnast andre måtar å tene pengar på, enn å øydeleggje jordkloden. Ærleg talt, det er vaksne menneske som har meir vet enn det.

Plast

Havet er fullt av plast. Dyra et og døyr av plasten som ligg i naturen fordi dei trur det er mat. Det er forferdeleg med all den plasten som er i naturen. Menneske berre kastar plast frå seg utan å tenke seg om. Naturen ser ikkje særleg fin ut heller. Eg syns folk må gidde å ta med seg bosset til neste boss-spann. Det er det minste vi må forvente. Og sjøen liknar ikkje veldig på ein søppelplass heller. Vi må slutte å brenne regnskogen og kaste frå oss plasten. Då hadde ikkje global oppvarming vore noko problem.