Kvifor vert hestar så ofte sjuke og skadde?

Alle har eit forhold til hesten. Eit arbeidsjarn som sjarmerar oss med sin blanke pels og elegante gange.

Hesten har vorte temt og brukt av menneske i tusenvis av år. Han er likevel ein hest, og det var aldri meininga frå naturen at han skulle ridast, dra vogner, ha bite i munnen og sko på beina eller at han skulle stå i ro mesteparten av dagen og få tildelt mat tre gonger om dagen. Alt dette er noko vi menneske har sett i gang fordi det gagnar oss.

Til gjengjeld har tamhesten den fordelen at han får mat, stell og omsorg og han blir verna mot uvêr og rovdyr.

Ein hest er eit beitande byttedyr frå naturen si side. Han skal bruka størsteparten av sine vakne timar til å finna mat, han kan bevega seg over store område i løpet av ein dag, og han kan springa fort frå ein fare. Ein hest kan sova ståande og har berre behov for søvn i omlag 4 av dei 24 timane til døgnet. Alt dette er eigenskapar som tamhesten har i seg like mykje som villhesten.

Kanskje dei fleste skadar og sjukdomar på hesten kjem som eit resultat av at han lever under tilhøve han eigentleg ikkje er utvikla for å takle. Som hesteeigar er det oppgåva vår å leggja til rette for at hesten i størst mogleg grad skal få leva eit liv som hest.

Ein hest er lukkelegast om han får vera hest, ha hestevenner og røra seg mykje fritt. Dette vil òg i større grad vera med på å forhindra skadar ved bruk.