Fakta om First Lego League:
- First Lego League er ein konkurranse for barn og ungdomar som konkurrerer med sjølvbygde robotar. Undervegs får dei oppgåver som skal løysast.
- First Lego League-laget RoboMech vart meistrar i Skandinavia. No kjempar dei om verdsfinalen i FLL i Tallin saman med 100 lag i alderen 10-16 år.
- Forskargruppa består av fem personar, men berre fire av dei er med på konkurransen i Tallin. Dei held til i Arna utanfor Bergen.
RoboMech, som Hedda er ein del, har bygd robotar i Lego som skal vere med på å løyse diverse oppgåver dei får undervegs i turneringa.
Med seg på laget har ho Joel Mathias Søvde (15), Harald Skutlaberg (14) og Bernt Olve Skutlaberg (13). Dei har øvd lenge før dei reiste.
Fokus på teknologi og forsking
– Vi har laga robotar, og konkurrerer med ulike oppdrag vi får undervegs i turneringa. Eine oppgåva vi har hatt er å få roboten vår til å fjerne eit øydelagt røyr under vatn, og erstatte det med eit nytt eitt. Det gjekk veldig bra, seier Hedda.
Årets tema er «Vatn i rørsle», og Hedda kan fortelje at dei har jobba og førebudd seg på akkurat dette. Forskinga er ein stor del.
«Vatn i rørsle»
– Me har kome fram til ei løysing der vi klarer å gjere saltvatn om til ferskvatn, seier ho.
Dette kan vere bra for land som manglar vatn.
– Og vi har klart å få til eit godt resultat, seier Hedda.
Alle som deltek i denne konkurransen har same mål, men dei kan løyse oppgåvene på ulike måtar. Så står det att å sjå om Hedda og gjengen har klart å løyse oppgåvene så bra at det blir pallplassering i konkurransen.
RoboMech vann prisen for mest innovative forskingsløysing med prosjektet Water Resque Barge