– Dette laga eg med mine eigne hender

I dei siste vekene har Biblo Tøyen hatt fokus på planter og miljøet. Dei har jobba med å få eit bevisst forhold til mat, og lære om kvar ulik frukt og mat kjem frå.

Biblo Tøyen og Hagecrew

Fakta om Biblo Tøyen

Eit bibliotek som ligg i Oslo som er for barn mellom 10-15 år. Vaksne har ingen adgang. Biblioteket fekk prisen Årets bibliotek i 2017. På Biblo Tøyen vil du finne bøker og opplevingar, men det viktigaste er at barnet får gjere det ein har lyst til. Biblioteket skil seg ut frå dei vanlege biblioteka. Det er det god plass til å boltre seg, og vere sosial saman med vener. Det kan minne om ein ungdomsklubb med mange koselege sitjegrupper, data, 3D-printar, scene og kjøkkenkrok.

Fakta om Hagecrew

Hagecrew held til i Oslo og jobbar med å få den komande generasjonen interessert i dyrking.

Dei har halde på sidan 2014, og set mellom anna ut plantekasser rundt omkring i byen.

Hagecrew vil bidra til at unge får eit meir bevisst forhold til gjenbruk og at det blir kasta mindre mat. Dei vil vise eit meir bærekraftig samfunn, og få unge til tenkje over kvar maten kjem frå.

LES FAKTALUKK FAKTA

Prosjektleiar, Mats Brattlie på Biblo Tøyen, vil gje barna gode opplevingar med naturen.

– Vår tanke er at om vi gir barna slike opplevingar vil det vere med på å legge eit godt grunnlag for å gjere dei bevisst på bærekraft, og få dei til å ta miljøvenlege valg.

Hagecrew på besøk

På Biblo Tøyen har dei mange aktivitetar kvar dag. Her held Nicolas på med plantekassa som han laga då Hagecrew var innom (Foto: Christian André Heredia)

Nicolas Clerc (14) er ein av dei som fekk vere med då Hagecrew var innom biblioteket for å bygge plantekasser.

Vi har hatt mykje fokus på planter og miljø i det siste, seier Nicolas.

Og i dag skal vi bygge ei lita plantekasse, som vi skal plante bladsalat i.

Mathias Storm Michelsen som jobbar i Hagecrew fortel at det er genialt å plante bladsalat, for det gror raskt, og ein ser resultatet etter berre ei veke.

Her er delane dei sette saman (Foto: Christian W. Gjerde)

Plantekassene dei skal bygge består av fem delar som dei skal snikre saman. I tillegg skal dei ha plastbeger i botnen med eit vatningsystem, som gjer at plantene får den mengda vatn som dei treng.

Veldig gøy å bygge

Nicolas fekk etter litt strev bygge to kasser.

Eg laga ein til meg sjølv som eg skal ha på balkongen, og ein til Biblo Tøyen som vi skal ha på biblioteket, seier han.

Det var veldig gøy, sjølv om det var litt vanskeleg å hamre kassa saman heilt nøyaktig. Men med god hjelp gjekk det bra.

Det fine med dette er at eg med mine eigne hender fekk vere med på å lage min eigen mat, seier Nicolas.

Ordforklaring

Bærekraft: Betyr å gi betre livsvilkår for menneska utan å øydeleggje naturressursar og miljøet.