Giftampullar på stranda

Finn du denne på stranda må du IKKJE røre den. Den er nemleg så farleg at den kan stoppe pusten din.

Det er Hurum Brannvesen som advarar om dette på Facebook.

– Alle ampullar av denne typen er giftige, nokon meir enn andre. Difor er det viktig at du ikkje tek i dei. Viss du finn ein, må du sei det til ein vaksen som kan varsle politiet eller brannvesenet, seier brannsjefen i Hurum, Nils Georg Nordskag, til Framtida Junior.

ADVARAR: Brannsjefen i Hurum, Nils Georg Nordskag, seier det er svært viktig å varsle ein vaksen om ein ser ein slik ampull på stranda. FOTO: Hurum brannvesen

Er livsfarleg

Ampullane er frå 2. verdskrig då tyskerane hadde desse med seg. Etter krigen blei utstyret dumpa i havet.

No, meir enn 70 år seinare, kan ein finne ampullane på strender rundt i landet.

Viss du ser ein slik ampull må du ta kontakt med ein vaksen med ein gong. Ikkje rør den.