Selde sitt fyrste maleri då han var 7 år

SJÅ VIDEO: Stephen Wiltshire teiknar detaljerte teikningar etter minnet. Allereie som åtteåring teikna han ein svær katedral med nøyaktige detaljar.

Stephen Wiltshire teiknar bilete med utrulege detaljar. Då han fylte 8 år ba den britiske statsministeren om at han skulle teikne Salisbury-katedralen. Som 13-åring publiserte han si aller fyrste kunstbok.

Denne spesielle evnen har gjort at han vert kalla «The human camera» som tyder «Menneske-kameraet», skriv Dogo News.

Autisme

Då Stephen var tre år fann foreldra ut at han hadde autisme. Han ville ikkje snakke. Men i barnehagen la dei merke til at den vesle guten likte å teikne. Så, for å prøve å få han til å snakke, ga dei vaksne han papir og fargar dersom han ba om å få det med å bruke ord.

Stephens sitt fyrste ord vart ikkje overraskande «papir» då han var 5 år.

– Eg vart interessert i byar og bygningar då eg var 7 eller 8 år gammal. Eg likte dei høge husa, vindauga og alle detaljane, seier han til Dogo News.