Eit genialt triks som hjelper deg å hugse

Har du ei geografiprøve, og slit med å hugse det du puggar? Her er eit triks som kan hjelpe deg.

Artikkelen er inspirert av Nysgjerrigper.no og Oddbjørn By sin metode.

Forskjell på langtids- og korttids-minnet

Langtidsminnet er dei minna vi har tatt vare på i mange år, og som består av kunnskapen vår, erfaringar og minner vi hugser over lang tid.

  • Døme: Du kjenner huset ditt godt. Om du måtte skildre huset rom for rom, hadde du sikkert klart å snakke deg gjennom kva du ser ganske nøyaktig.

Korttidsminnet, derimot, held på informasjon i veldig kort tid.

  • Døme: Byar som du må pugge til ei prøve, er ikkje nødvendigvis noko som automatisk lagrar seg i langtidshukommelsen.

For å bli betre på kortidsminnet, må ein bruke langtidsminnet.

Korleis gjer ein dette?

Sjå føre deg at du skal ha prøve i geografi. Du skal lære deg nokre byar i Europa. Korleis gjer ein det? Då må ein tenke smart.

Her er lista over byane du skal lære deg

  • Stockholm
  • Berlin
  • Amsterdam
  • Paris
  • Roma
  • Madrid
  • Moskva
  • København

Her kunne ein kanskje sortert byane i alfabetisk rekkefølgje, men no tek vi utgangspunkt slik dei står.

Dette gjer du

Du må bruke langtidsminnet ditt. Sjå føre deg huset ditt og plasser ein by i ein situasjon.

  • Først kan du sjå føre deg ytterdøra. Ser du at det står ein stokk plassert ved døra?  Stokken skal minne deg om Stockholm. (stokk-Stockholm)
  • I gangen ser du kanskje onkel Bertil(?) som gir deg ein berlinerholle. Dette skal minne deg om Berlin. (Bertil/Berlinerbolle-Berlin)
  • Du går inn i stua og møter mamma som ser på amcarbilar på tv. Ho hyler av glede! Amcar skal minne deg om amsterdam. (Amcar-Amsterdam).
  • Like ved mamma sit pappa og snakker om eit party han skal fikse. Pappa og party skal minne deg om Paris. (Pappa/party-Paris).
  • Frå kjøkkenet høyrer du bror din som brøler. Han er kjempesur fordi han ikkje får til leksene. Han er mad! Mad skal minne om Madrid. (Mad-Madrid).
  • Du går inn til han og ser at han skal skrive om moskusar på Dovrefjell. Moskus skal minne om Moskva. (Moskus-Moskva).
  • Du tek fram nokre legoklossar og legg dei på kjøkkenbordet. Lego er dansk og skal minne deg om København. (Lego-København).

Klarar du å sjå for deg denne vandringa i huset ditt med det som skjer, klarer du nok å hugse byane også. 

Dette kan du gjere om slik at det passar deg og ditt hus. Men bruk ein plass/hus som du kjenner til, og lag situasjonar som minner deg om ordet eller det du skal hugse.

Du kan gjere dette for å hugse gloser, eller gangetabellen eller kva som helst.