Massiv klokke begravd inni eit fjell i Texas

SJÅ VIDEO: Djupt i hjarta av Sierra Diablo-fjellet tikkar det ei klokke som skal gå i 10.000 år. Etter 1000 år kjem det ut ein gjøk som seier koko.

Langs grensa mellom Texas og Mexico finst denne heilt spesielle klokka. Den er 200 meter høg, og vart oppfunnen av amerikanske Danny Hillis. Han starta å tenkje på dette for 20 år sidan, og har bygd mange små modellar før denne, skriv Dogo News.

Det er milliardæren Jeff Bezos som har betalt for alt. Han er sjef for Amazon.

Skjult i fjellet

Ingen kan sjå klokka, den er nemleg skjult inni fjellet.

Så kva er meininga med ei klokke ingen kan sjå?

Bezos seier at han håpar klokka vil endre måten menneska tenkjer på, og at den oppfordrar folk til å tenke langt fram.