6. april 1818 blei Aasmund Olavsson Vinje fødd. Det er med andre ord 200 år sidan han kom til verda.
Han har skrive ei rekke dikt, men mest kjent for dei yngste er nok Blåmann som handlar om geita Blåmann og mora Lykle som kom heim utan han. Diktet er inspirert av Vinje sine opplevingar som gjetargut, då han var ung.
Blåmann har vorte tonesatt av Anne Haavie.
Denne songen song garantert dine oldeforeldre, besteforeldre og foreldre då dei var unge. Kanskje du også har sunge den? Teksta finn du under videoen.
Blåmann (med modernisert språk)
- Blåmann, Blåmann, bukken min,
- tenk på vesle guten din!
- Bjørnen med sin lodne fell
- kan deg taka seint i kveld.
- Gamle Lykle, moder di,
- seint kom heim med bjølla si.
- Så ikring seg ho mund’ sjå
- liksom der var fare på.
- Det såg ut som der var naud,
- kanskje no du ligger daud.
- Tidt du dansa kringom meg,
- mangt eg rødde då med deg.
- Når eg låg som blind og dauv,
- grov du på meg med di klauv;
- ja, du ville vekkja meg
- opp til leiken din med deg.
- Du var sprek og glad og god,
- all mi ros du vel forstod.
- Tidt du veit eg sa til deg:
- «Han veit meir enn mata seg.»
- Blåmann, Blåmann, svar meg no,
- mekra med ditt kjende ljod!
- Ikkje enno, Blåmann min,
- må du døy frå guten din.