Laurdag kveld er det Earth Hour

SJÅ VIDEO: I kveld kl. 20.30 til 21.30 er det tid for Earth Hour! Det å slukke lyset denne timen er eit symbol på at heile verda står saman om å stoppe klimaendringane.

Earth Hour er ei symbolsk markering der folk over heile verda vert oppfordra til å slukke lyset i ein time for klimaet.

Det er naturvernorganisasjonen WWF (World Wide Fund for Nature) som står bak kampanjen.

Ein milliard

Då markeringa starta i Australia i 2007 var det to millionar som deltok. I 2008 var det 50 millionar menneske som deltok, og i 2009 var dette blitt til verdas største klimakampanje.

No er det over ein milliard menneske som deltek kvart år.

Stort i Noreg

Noreg var offisielt med for fyrste gong i 2009.

Både Slottet, Den norske opera, Nidarosdomen, Holmenkollen og Stortinget markerer Earth Hour kvart år. Då er ikkje desse bygningane opplyst slik dei er elles.

Skal du markere Earth Hour?

(Kjelde: Wikipedia)