Når dei blir sinte kallar dei meg drittunge og slår meg i bakhovudet

Kva gjer ein når vaksne seier og gjer ting som ikkje er greit?

Når eg er hos pappa, er det mykje krangling mellom meg, pappa og stemora mi. Ofte er det fordi eg har gjort noko eg ikkje skal, men av og til syns eg det blir kjefting uansett kva eg gjer. Når dei blir sinte kallar dei meg drittunge og slår meg i bakhovudet. Eg har lyst å vere hos pappa, men ikkje ha det slik. Kva kan eg gjere?

Alle vaksne veit at det ikkje er lov å slå barn. Dei veit også at ein ikkje skal kalle barn stygge ting. Sjølv om du har gjort noko dumt, skal aldri vaksne slå deg. Når du har det slik er det viktig at du fortel det til ein vaksen som kan hjelpe. Dette kan til dømes vere lærar, mamma eller helsesøster. For at du skal få det betre hos pappaen din, synest eg han må få hjelp til å behandle deg på ein betre måte. Det er det barnevernet som er best på.

Du kan ringe alarmtelefonen for barn og unge for å få råd til kva du bør gjere. Det er gratis og nummeret er 116 111.