I USA: No kjøper foreldre skotsikre skulesekkar

Etter at USA nok ein gong opplevde skyting på ein skule handlar foreldre skotsikre skulesekkar til barna sine.

I midten av februar vart 17 personar drepne i ei skuleskyting på Stoneman Douglas High School i Florida. I USA er det nemleg slik at alle kan kjøpe og ha våpen heime. Difor kan det skje at nokon tek med seg våpen på skulen. Slik er det ikkje her i Noreg.

No vel mange amerikanske foreldre å kjøpe skulesekkar som kan beskytte barna mot kuler om det skulle bli naudsynt, skriv Independent.

Superheltskjold

Sarah Pampillonia, som er mor og lærar på 5. trinn, har kjøpt den spesielle sekken til sin 4-åring.

– Eg vil nok ikkje snakke med han om våpen, men fortelle at han no har ein magisk ryggsekk. Eit superheltskjold. Ein stad han kan gøyme seg om han treng det, seier Sarah til The Cut.

Viss du kjenner du får mange vonde tankar av å lese denne saken, snakk med ein vaksen du stolar på.