Barn som har blitt utsett for vald og overgrep får ikkje god nok hjelp til å bearbeide det som har skjedd, seier Barneombod Anne Lindboe til NRK.
No vil ho ha endring på dette og leverer derfor ein rapport om dette til barne- og likestillingsministeren.
Alvorleg vald
Etter å ha intervjua rundt 50 barn som har blitt utsett for vald og overgrep, fortel Barneombodet at systemet som skal hjelpe barna ikkje fungerer slik det skal.
Dette gjeld spesielt barn mellom 9 og 18 år som har opplevd alvorleg vald.
- LES MEIR: Kva er overgrep?
- LES MEIR: Det er din kropp!
- LES MEIR: Når alle veit, er det vanskeleg for ein overgripar
Det er spesielt etter at barna har fortalt om overgrepa på krisesentrar og barnehus, og så skal starte kvardagen igjen, at dei ikkje får nok hjelp, meiner Anne.
Kvart 20. barn i Noreg har opplevd alvorleg fysisk vald frå foreldra sine. Dei fleste har opplevd dette fleire gongar, ifølgje Barneombodet.