Det er din kropp

Alle bør lære om seksuelle overgrep allereie i barnehagen, meiner Barneombodet.

Kva skal du som har opplevd overgrep gjere?
  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørje om det du lurar på. Det er gratis.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside. Barnevernet skal hjelpe barn som har det vanskeleg.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • Gå til helsesøster på skulen og be om hjelp.
  • På Barneombodet si heimeside finn du meir informasjon om dine rettar og kor du kan få hjelp. Sjå barneombodet.no.

(Kjelde: barneombodet.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er viktig at barn får vite kva som er greit og kva som er gale allereie i barnehagen. Barn har rett til vern mot vald og seksuelle overgrep, og for å kunne få hjelp, må alle først få vite at overgrep er ulovleg, seier barneombod Anne Lindboe.

KVA ER OVERGREP? 

Ikkje godt nok

Ho meiner det ikkje er nok undervisning i norske barnehagar og skular.

– Det er ikkje nok slik det er no. Nokre kommunar er gode på dette, men du finn også dei som ikkje gir noko informasjon, fortel Anne.

– Barn får med seg informasjon frå media uansett. Nokre barn har og sjølv opplevd overgrep. Difor er det viktig at dei får informasjon om det dei lurar på, seier Anne.

Auke i overgrep

Barneombodet seier ho er bekymra for ein del ungdommar.

– Vi veit at det er ei auke i talet på ungdom som gjer overgrep mot andre ungdom. Dette bekymrar oss, seier ho.

Barneombodet skal ut på tur for å spørje ungdommane sjølv om kva som skal til for å snu dette.

– Me skal snakke med dei om seksuell trakassering og overgrep. Me ønskjer å få vite meir om kva dei kan om deira rettar, kva dei meiner, om kva dei tenkjer skal til for å hindre fleire overgrep, og hjelpe dei som vert utsett for dette, seier Anne.