Hurra for Marcus og Martinus!

21. februar fyller superstjernene 16 år!

Fakta om tvillingbrørne

Marcus

  • Likar Manchester United og Zlatan er favorittspelaren
  • Elskar å vera heima i Trofors, men elskar også å reise til Thailand.
  • Likar Justin Bieber, både musikken og kleda hans.
  • Vert flau når eg ser gamle bilete av meg og Martinus.
  • Min favorittfarge er raud.
  • Verdas beste godteri er frå Sverige.
  • Draumejenta mi må vera snill. Og det er viktig at ho ikkje vert sjalu når me reiser og møter fans.

Martinus

  • Eg er litt meir perfeksjonist enn Marcus.
  • Eg elskar å komme med veldig dårlege spøkar. Ofte er det berre eg som ler.
  • Min favorittplass i verda er Trofors.
  • Eden Hazard er min favorittspelar, og Chelsea er laget mitt.
  • Eg spelar litt piano, og likar å lære om å skrive og produsere musikk.
  • Eg vert nesten aldri nervøs. berre av og til når me opptrer LIVE på TV-show.
  • Mi draumejente er ein oppriktig og fin person. Og søt!

(Kjelde: marcusandmartinus.com)

LES FAKTALUKK FAKTA

Det skjer mykje i livet til gutane om dagen. Dei har bursdag, og ein stor Europaturné. Dagen før bursdagen hadde dei stor ein konsert i Berlin i Tyskland. I Danmark fekk dei terningkast ein, så mange var spente på korleis det gjekk i Berlin. Der vart det fullt hus! Supernytt var på konserten og trilla fire på terningen.

Tvillingane starta karrieren då dei deltok i MGPjr. Er du årets nye MGPjr-vinnar? 1. mars er siste frist for å melde seg på.

Her kan du sjå kor mykje du kan om Marcus og Martinus i ein kviss.

Er du ein ekte Marcus og Martinus fan?