Marcus og Martinus sine beste MGPjr-tips

Marcus og Martinus Gunnarsen (15) vann MGPjr som 10-åringar. No er dei superstjerner, og gir deg sine beste tips!

Tvillingane klarte å halde på stjernestatusen etter suksessen med «To dråper vann» i MGPjr-finalen. Dei fortsatte å jobbe knallhardt med musikken, og har no fem år som artistar bak seg. Alt starta med audition til Melodi Grand Prix Junior.

Smil er viktigast

– Dei som vil stille på audition i MGPjr må øve, øve og øve. Men du må ikkje gløyme å ha det gøy og smile på scena. Det aukar sjansen for å komme vidare! seier Marcus.

Er du ein av dei heldige som kjem vidare frå audition til finalen, har dei to stjernene eitt tips: Øv vidare på låta di, sjølv om du kan den godt, slik at den vert best mogleg!

– Då me skulle på audition øvde me på «To dråper vann». Og me øvde mykje, seier Martinus.

Dei veit ikkje sikkert kva som gjorde at dei skilte seg ut mellom 513 innsendte bidrag.

– Det er jo juryen som veit best kvifor det vart slik, seier Marcus, som legg til at dei ikkje ville gjort noko annleis som 15-åringar enn som 10-åringar på audition.

RESTEN AV INTERVJUET STÅR PÅ TRYKK I PAPIRAVISA.