Superstjernene er kåra til «Årets Nordlending»

Marcus og Martinus fekk flest stemmer! - Denne prisen frå heimfylket vårt er veldig spesiell, seier gutane.

– Årets nordlending 2017 er Marcus og Martinus Gunnarsen fra Trofors, seier sjefredaktør i Avisa Nordland, Jan-Eirik Hanssen til NRK.

HER KAN DU LESE MARCUS OG MARTINUS SINE BESTE MGPJR-TIPS.

Dette skriv juryen om kvifor dei valte gutane:

«Marcus og Martinus, kvikke tvillingar og like som to dråpar vatn, tok Noreg med storm då dei for fem år sidan vann Melodi Grand Prix Junior med den sjølvskivne låta om seg sjølv: «To dråper vann». Alle – store og små – vart imponert og sjarmert av 10-åringane frå Nordland. I dag er ikkje verda heilt som før. Men gutane bur framleis i heimbygda Trofors der dei går i 10. klasse. Dei har tatt steget frå nasjonal suksess til gjennombrot i Norden og Europa. Dei har klart den krevjande overgongen frå å vera norske barnestjerner til å bli internasjonale ungdomsidol».

PRØV VÅR KVISS HER: ER DU EIN EKTE MARCUS OG MARTINUS-FAN? 

– Tusen hjertelig takk, eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Vart veldig overraska. Vi har vore nominert før, men det er veldig kult at vi vann denne gongen. Vi har vunne mange prisar, men denne frå heimfylket vårt er veldig spesiell, sa tvillingane i sin takketale.

Guro (11) fekk forandra Marcus og Martinus sin video