Myggen kan hugse at du prøvar å klaske den

Den vesle plageånden kan kjenne att lukta av ulike menneske. Difor prøver den å unngå folk som har prøvd å klaske den flat.

Ny forsking viser at mygg er i stand til å skille ulike menneske ut frå korleis vi luktar. Det er også slik at myggen likar nokon lukter betre enn andre. Det er difor enkelte menneske er svært plaga av myggen, medan andre knapt merkar at den er i lufta, skriv Forskning.no.

Mygg i fare

Mygg er altså meir enn blodsøkjande robotar, ifølgje Clément Vinauger frå University of Washington og hans kollegaer.

Mygglivet inneheld mange farar, og menneske lar seg ikkje alltid stikke utan motstand. Myggklasking er difor ein stor grunn til at vaksne hunnmygg døyr, skriver Vinauger og co.