– Å synge julemorgensongen er nesten uverkeleg

Haakon, Shana og Anders er klare for å gi julestemning rundt omkring i Noreg. Framtida junior tok ein prat med juletrioen for å høyre om kva dei gler seg til.

Trioen er veldig klare, og ikkje minst spente på det som skal skje. Haakon, som til vanleg jobbar i Skolefri, var programleiar i Julemorgen i fjor. I år har han fått med seg programleiarane i Barne-TV, Shana og Anders. Juletrioen skal lose oss gjennom mange timar med underhaldning i jula.

Kor mange julesongar kan Haakon?

Shana ser fram mot å «jule» seg, som ho seier, og hygge seg saman med Anders og Haakon, som ho er veldig glad i.

– Og så gler eg meg til å få skikkeleg god julestemning heilt automatisk.

Haakon kan julemorgensongen, men han er spent på kor mange julesongar han trudde han kunne, som han eigentleg ikkje kan likevel.

Lettare å stå opp

Sjølv om Anders verkeleg hatar å stå opp om morgonen kjem det til å bli ekstra lett no i jula.

– Eg har hatt eit veldig godt forhold til Julemorgen. Då eg var yngre benka eg meg framføre TV-en kvar einaste morgon. Å få synge julemorgensongen på tv er nesten uverkeleg.

Juletrioen kan love mange fine gjestar, fine filmar og konkurransar.

– Og så kjem det nokre uventa, men morosame utfordringar til oss tre. Og ikkje minst så lovar vi kos, kos og endå meire kos, avsluttar Shana.