Gjer Aleksander Rybak comeback i MGP?

Alexander Rybak lova i 2010 å aldri meir konkurrere i Melodi Grand Prix, men no skriv VG at han likevel vil vera ein av artistane som kastar seg ut i sirkuset på ny.

I tillegg skriv VG at Vidar «Villa» Mohaugen (26), Alexander Wahlmann (31), Ida Maria (33), Alexandra Rotan (21) og Stella Mwangi (31) skal vera klare som MGP-artister på nyåret.

«Fairytale»

Rybak har ikkje delteke i MGP eller Eurovision Song Contest sidan han sørga for tidenes stemmerekord med «Fairytale» i Moskva i 2009.