– Drama har gjort meg tryggare

Bogstad skule har drama på timeplanen, men kva gjer det med elevane? Framtida Junior fekk vere med i ein dramatime med 6B.

Impro og regi

Improvisasjon, eller impro som det også vert kalla, er øving der ein spelar ut ein situasjon utan manus. Ingen veit kva som vil skje når ein står på scenen.

Åse og 6B har desse reglane:

  • Ein må stole på sin fyrste idé, og spele med på andre sine idéar.
  • Skap konflikt i historia utan at nokon døyr.
  • Ta imot tilbodet. Sei ja, og ikkje nei.

Regi

Når du driv med teater er det alltid ein person som har regi. Den som har regi styrer korleis skodespelarane skal oppføre seg. Åse, som er dramalærar, gir regi for å forbetre eller skape eit uttrykk som ho ser for seg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei skal ha improvisasjonsøvingar. Noko som høyrest skummelt ut for ein som ikkje kan det. Men 6B viser seg å vere ekspertar.

Ei gruppe på fire elevar står på scenen og skal improvisere ein foreldresamtale. Dei har tydeleg gått inn i rollene, og ein ser kven som er lærar, elev, mamma og pappa. I det dramalærar Åse Olving Lund seier namnet til eleven, skal han eller ho trekke ein lapp, og seie det som står der.

– Æsj, nokon har prompa, seier ho som spelar læraren og kastar frå seg lappen ho nettopp las. Han som spelar faren kikar seg rundt, peikar på dottera og fortel kor stramt det luktar. Ho blir sur og meiner det er stygt å peike.

Resten av elevane som er publikum ler høgt. Enkelte har kasta seg ned på magen og rullar rundt.

– Når vi ler mykje saman, så skjer det noko positivt med klassemiljøet, seier Åse og fortel at elevane har hatt drama sidan 3. trinn. På Bogstad skule er drama timefesta frå 5. trinn.

Nervøsiteten forsvinn

Ingen verkar nervøse på scenen.

– Drama har gjort meg tryggare. Ein får god trening på å stå framføre folk, og det gir meg ei viss kjensle av at eg meistrar det. Eg er ikkje lenger så nervøs som eg kanskje hadde vore utan denne treninga, seier Thea Von der Lippe

– Tenk på kroppsspråket! Fortel med kroppen kven du er, seier Åse og siktar til ei ny gruppe som er på scenen.

– Det er mykje ein kan lære av å både sjå på andre og spele sjølv. Å bli bevisst på kroppsspråket er svært nyttig også utanfor dette klasserommet, fortel Åse.

Eit godt klassemiljø

Dramalærar Åse Olving Lund er sikker i si sak om at drama er med på å styrke klassemiljøet og gje dei den tryggleiken som det er trong for.

– Det viktigaste for eit barn er å ha det bra med seg sjølv. Og det er dette vi jobbar med i dramatimane. Vi øver på å snakke framføre andre, tore å bruke kroppen og stemma. Vi øver rett og slett på å ta den plassen vi fortener.

Åse fortel at 6. trinn skal setje opp Jungelboka på nyåret. Noko dei alle gler seg veldig til.

I det ho takkar for timen, går dei fleste elevane ut. Ein gut går bort til Åse og takkar for verdas beste time. Til svar gir Åse han ein klem og fortel kor flink han var.