Den viktige vaksina

Kvifor er vaksiner kalt opp etter kyr og kven fann opp vaksina? Vi gir deg svara.

Jenners metode - den fyrste vaksina

– Edward Jenner vart fødd i England 17. mai 1749. Han utdanna seg til lege og fekk jobb i ein landsby i Gloucestershire.

– Ein dag høyrde han ei bondejente fortelja at ho hadde blitt smitta av dyresjukdomen kukoppar, og at dette hadde gjort henne immun mot den langt farlegare sjukdommen koppar. Edward fortalde det til nokre legekollegaer, men dei berre lo av han. Det gjekk 20 år før Edward våga å gjera noko meir.

– Koppar var ein svært farleg og smittsam virussjukdom som gav byllar over heile kroppen. Derav namnet koppar.Berre på 1700-talet tok sjukdomen livet av mellom 45 og 60 millionar menneske i Europa åleine. Dei som overlevde, fekk store arr og vart vansira for livet.

– 14. mai 1796 vart ein merkedag for Edward Jenner. Då skrapa Jenner litt puss frå byllane til budeia Sarah Nelmes som hadde kukoppar. Så rispa han armen til den åtte år gamle fattigguten James Phipps og gnei «kukoppane» inn i huda hans. Vesle James vart sjuk, men kvikna fort til att.

– Seks veker seinare prøvde Jenner å smitta James med koppar, men guten vart ikkje sjuk. Han hadde blitt immun. Heldigvis.

– Jenners metode spredde seg raskt til dei fleste landa i Europa, og vart for fyrste gong brukt i Noreg i 1801.

– I 1810 kom ei vaksinasjonslov som sa at alle i Noreg måtte bli vaksinerte mot koppar.
Likevel skulle det gå neste 200 år før den skumle sjukdomen vart utrydda for godt. I 1979 vart koppar erklært utrydda av Verdas Helseorganisasjon.

– Viruset vart utrydda fordi det ikkje fann uvaksinerte menneske å smitta. I dag finst viruset berre i laboratorium i USA og Russland. I tillegg til kvegpest, er koppar den einaste sjukdomen menneske har klart å utrydda.

– Kor kjem så ordet vaksine frå? Hugsar du budeia som hadde kukoppar? Jau, ordet vaksine kjem nettopp frå det latinske ordet for ku som er vacca. Sjølv om vaksine i dag ikkje har noko med verken kyr eller kukoppar å gjera, er det framleis dette ordet vi bruker.

LES FAKTALUKK FAKTA

Både i kroppen vår og rundt oss finst det massevis av virus og bakteriar. Så små er dei, at vi berre kan sjå dei i mikroskop. Nokre er bra for oss, medan andre kan gjera oss sjuke. Heldigvis går det an å bli vaksinert med eit enkelt sprøytestikk.
No er du kanskje ikkje så glad i sprøyter med skumle nåler, men truleg har du alt fått mange. Du hugsar det berre ikkje.
I Noreg får nemleg dei aller fleste si fyrste vaksine på helsestasjonen berre tre månader gamle.
Før vi fyller to, er vi alt vaksinerte mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polyomelitt. Pluss sju andre sjukdomar. Puh!
I andre klasse får du ein ny dose av vaksinen du fekk som baby. Jenter får også vaksinar i sjuande og tiande klasse.

Flokkimmunitet

Det er foreldra dine som bestemmer om du skal få vaksinar eller ikkje, men dei aller fleste synest det er ein god idè.
Då slepp du nemleg å bli sjuk. Det hjelper også dei som på grunn av sjukdom eller allergi ikkje toler vaksinar. For om mange nok er vaksinerte, vil ikkje bakteriane og virusa finna personar å smitta. Dette kallar vi flokkimmunitet.
I Noreg har vi veldig god flokkummunitet. Dermed er det også sjeldan nokon får sjukdomane vi vert vaksinerte mot. Då er det viktig å ikkje gløyma kor alvorlege desse sjukdomane nokre gonger kan vera. Dei siste åra har det mellom anna vore utbrot av meslingar fleire stader i Europa fordi færre har blitt vaksinerte. Det har gjort flokkimmuniteten.

Kroppen forsvarer seg

Dei fleste vaksinar vert gitt gjennom ei sprøyte inn i kroppen vår.
Vaksinen består av ein svekka eller død bakterie eller virus, eller noko som liknar på dei. Når dette stoffet kjem inn i kroppen, kickstartar det immunforsvaret vårt og blir deretter lagra på immunforsvarets «harddisk».
Dersom sjukdomen seinare dukkar opp med ekte bakteriar eller virus, så har immunforsvaret ditt øvd og lært korleis det skal ta knekken på desse før du vert sjuk. Lurt, ikkje sant?