Å spasere er det beste han veit

Om du bur i blokk, eller kanskje er allergisk mot pelsdyr. Kva gjer du då, om du verkeleg ønskjer deg eit kjæledyr?

Katrin Berge er kunstnar og synest at sniglar og andre dyr er fin inspirasjon til teikningar. Foto: Alexander Von Mehren
Katrin Berge er kunstnar og synest at sniglar og andre dyr er fin inspirasjon til teikningar. Foto: Alexander Von Mehren

Katrin Berge bur i ein bygard i Bergen, og har difor eigentleg ikkje lov til å ha husdyr, men ønsket om eitt dyr var der likevel. Det var fyrst då ho ein dag kom heim med ein pose økologisk spinatblad, at ting skulle endre seg.

– Dagen etter, då eg opna kjøleskåpet fekk eg auge på ein liten, søt babysnigel.

Katrin kontakta butikken og fekk vite at spinatblada kom frå Frankrike, og etter litt søking på nettet fekk ho svar på at snigelen var ein fransk hagesnigel.

– Mamma meinte eg måtte ta meg saman, og sette snigelen ut i naturen, men det ville ikkje Katrin.

I staden gav ho snigelen eit namn, og valet blei Felix. Ho ordna til eit akvarium og laga eit miljø som Felix kunne trivast i. Med rett type mold, ei blomsterpotte til å skjule seg i, og framfor alt, riktig og god mat.

Felix gjekk matlei

Katrin merka fort at favorittmaten til Felix er kokt søtpotet og honningmelon, men ho prøvar å gje han eit variert kosthald. Det er nemleg viktig å gje Felix kalsium, då han treng det for å få huset han ber på ryggen sin til å vekse. Det er litt som oss menneske som treng kalsium for skjelletet vårt. Blant anna grønnkål har mykje kalsium i seg, så det får Felix regelmessig.

– Felix gjekk matlei ein gong. Etter lang tid der eg fôra han med grønkål og kokte gulrøtter, stoppa han å ete. Det viser vel at ein snigel også kan gå lei, som oss menneske, seier Katrin.

Tenk deg om!

Katrin er oppteken av at dyra skal ha det godt. Ho meiner at det er altfor mange barn som får seg dyr, og som går lei kort tid etterpå.

– Ein skal ikkje berre gå ut og ta inn ein snigel. Det er mykje arbeid. Ein må lage eit godt miljø, med riktig type mold og riktig mat. Avokado og selleri er til døme som gift for sniglar. Ein må også hugse å vaske akvariet minst ein gong i månaden, og i tillegg halde det fuktig. Det er rett og slett tidkrevjande å ha eit slikt husdyr.

Katrin fortel at om ein har to eller fleire sniglar vil ein garantert ende opp med mange snigleegg, som igjen fører til meir arbeid.

– Felix er ikkje eit kjæledyr, påpeikar Katrin. – Han er eit svært uvanleg husdyr, som ved ei tilfeldigheit kom til meg.

Det seier seg sjølv at Felix ikkje er eit dyr som gir den kosen som ein kanskje vanlegvis får frå andre husdyr, men det er ikkje det som er det viktigaste for Katrin. Det å få vere med på å observere korleis han veks, og samtidig lage eit miljø der ho ser at Felix trivst, er absolutt det kjekkaste, synest Katrin.