- Sommarles har i år hatt deltakarar frå rundt 300 kommunar i heile Noreg.
- 58 963 barn har til saman lese over 686 492 bøker!
- 398 128 av desse bøkene syntest barna var morosame, 381 615 var spennende, 155 521 var rare og 60 951 var rett og slett kjedelege.
- Den suverent mest lesne boka i sommar er “Gutta i trehuset med 13 etasjer” som 4 674 barn har lese.
- Bibliotekarane i Sommarlesbiblioteka har delt ut over 63 535 premiar!
Likar å lesa
– Eg likar å lesa bøker, seier Tori Torbjørnsen (7) frå Fitjar.
I sommar har ho lese bøker sjølv, ho har høyrt på lydbøker og ho har blitt lese for.
– No har eg kome til nivå 22, og då har eg henta den siste premien min, seier 7-åringen.
Dei borna som deltok i Sommarles-kampanjen og registrerte kor mykje dei les, kunne få opp til tre premiar på biblioteket.
Til neste sommar blir det ny runde med Sommarles.