Tora Helen Lande Eikeland (12) frå Omvikedalen berre måtte besøke biblioteket på Husnes då dei laga Harry Potter-dag.
– Eg elskar fantasy, og byrja å lese Harry Potter-bøkene i 6. klasse. Eg er på bok nr. 2 no, og har sett alle filmane, fortel Tora.
Magisk kjensle
Tora koste seg med å sjå på alle Harry Potter-tinga som var utstilt på biblioteket.
– Eg likar å vera nerdete, ler ho.
Den magiske kjensla kom snikande allereie då ho kom inn døra, og vart møtt av ei dame som hadde kledd seg ut som forfattaren J.K Rowling. Ho vart vist veg til valhatten som bestemmer kva hus du høyrer til på Harry Potter sin trolldomskule, Galtvort.
– Eg har tatt ein test på nettet som viste at eg høyrer til i huset som heiter Håsblås.
Her kjem dei som er snille, lojale, som jobber hardt, er dedikerte og rettferdige, fortel ho.
Lyst å lese
Jhalaica Guddal Muit (10) kom til biblioteket saman med søskenbarnet Kine Guddal Andersson (12). Jhalaica kjente til historia frå før, men dagen på biblioteket har gjort ho meir interessert i Harry Potter.
– No fekk eg lyst å lese bøkene. Eg har ikkje sett filmane heller, men det vil eg no, fortel Jhalaica som hadde kledd seg ut i lilla kappe.
Hekta på Harry
Kine har likt Harry Potter lenge.
– Harry Potter er spennande! Eg likar fantasy-sjangeren, fortel ho.
Ho held på med bok nr. 3, og skal snart sjå den sjette filmen.
– Eg blir berre meir og meir hekta, seier Kine.
– Den magiske kjensla kom litt i dag, fortel ho.