Fire nye land har kvitta seg med grufulle klasebomber

Dei aller fleste av verdas land seier nei til å bruke klasebomber i krig. No har Cuba, Kroatia, Slovenia og Spania også kvitta seg med desse grufulle våpna.

Kva er klasebomber?

Klaseammunisjon eller klasebomber er eksplosive våpen som vert skutt ut i lufta eller frå bakken. Etter at den store bomba er skutt ut skyt den ut mange mindre bomber.

LES FAKTALUKK FAKTA

Klasebomber er unøyaktige, og difor vert sivile folk ofte skada når desse våpna vert nytta. Både når bombene vert skutt ut, men også lenge etterpå. Fordi ingen veit kor bombene ligg i naturen.

Viktig avtale

«Klaseammunisjonskonvensjonen» er den internasjonale avtalen som forbyr klasebomber. Når eit land skriv under, lovar dei å stoppe all bruk av klasebomber. Dei lovar også å øydelegge alle bomber dei har på lager. I tillegg må dei også rydde bomber som ligg att i naturen etter tidlegare krigar, skriv Verdens beste nyheter.

Framleis i bruk

177 millionar klasebomber er øydelagte, men våpna blir framleis nytta i enkelte land som ikkje har skrive under på avtalen. Spesielt i Syria er dette eit problem. I dag er det berre Russland og Zimbabwe som aktivt går ut og seier nei til forbodet mot klasebomber.

USA har ikkje brukt klasebomber sidan 2009, men produserer og sel bomber til andre land.

Eit av landa USA sel til, er Saudi-Arabia, som brukar desse bombene i borgarkrigen i Jemen.