Slik gjer du:
- Last ned appen.
- Tast inn staden du er
- Då får du sjå ei liste over alle fugleartane andre har funne der du er
- Kryss av for alle artane du ser
LES FAKTALUKK FAKTA
Forskarar ved Cornell University i New York har laga appen eBird for å finne ut kor fuglane er, og kor mange dei er på ulike tider av året, skriv Illustrert Vitenskap.
Mange hjelper til
Meir enn 300.000 deltakarar i heile verda har registrert fuglar så langt. Desse deltakerane har sett 10.372 fugleartar over ein halv milliard gongar.
I 2017 bruke amerikanske forskarar tal frå eBird til å sjå korleis klimaet påverkar fuglelivet. Forskarane har også brukt eBird til å finne ut kor det er viktig at fuglar vert freda.