- november er det mellomval i USA. Mellomvalet i 2014 hadde den lågaste valdeltakinga sidan andre verdskrig. Færre enn 37 prosent deltok.
– Når ein stor del av folket ikkje deltar, kvifor er me overraska når politikken vår ikkje speglar att verdiane våre? spurde Obama kring 5000 studentar på Universitetet i Miami.
I presidentvalet i 2016 fekk Trump støtte frå berre éin av tre av veljarane under 25 år. Hillary Clinton fekk støtte frå over halvparten av dei yngste veljarane.
Fakta: Mellomval i USA
- 6. november er det val på alle dei 435 seta i Representanthuset og 35 av seta i Senatet.
- I tillegg er det val på 39 guvernørar i dei 50 statane i USA.
- I desse mellomvala er det til vanleg berre kring 40 prosent som nyttar stemmeretten sin.
- Kvart fjerde år er det presidentval. No er det to år til neste presidentval.