Denne boka kjem mange til å lese

Berre sei hei til Morrigan Kråkh og forfattar Jessica Townsend fyrst som sist. Du vil høyre mykje om dei i framtida.

Fakta om Ingenlund - Morrigans forbannelse
  • Tittel: Ingenlund
  • Forfattar: Jessica Townsend
  • Omsettar: Kirsti Vogt
  • Målform: Bokmål
  • Sidetal: 411
  • Forlag: Vigmostad & Bjørke
LES FAKTALUKK FAKTA

Ingenlund er fyrste bok ut i serien om Morrigan Kråkh, som har ei forbanning over seg. Det er slik i landet der ho bur, at nokre barn blir født med ein slik lagnad. Eit forbanna barn er dei som får skulda for heilt merkelege ting. Er det ei dame som har brekt beinet på skøyter – ja, då er det eit forbanna barn som får skulda for det.

Dømt til å døy

Barn som er forbanna veit ein ting. Dei skal døy på sin eigen elleveårsdag. Men så – like ved midnatt under det som skal bli det siste måltidet, blir Morrigan redda av ein merkeleg fyr som heiter Jupiter Nord. Han tek henne med seg til byen Ingenlund, der ho skal konkurrere i den årlege konkurransen. Mange barn skal kjempe om å bli medlem av “De vunderlige selskap” – men ikkje alle får plass.

Har ingen eigenskapar?

Det oppstår eit problem for Morrigan. For kva talent har ho? Det er nemleg avgjerande for testen ho skal gjennom.

Ingenlund – Morrigans forbannelse. (Vigmostad & Bjørke).

Ei magisk slukebok

Universet er fyllt opp av magi og underfundige ting. Universet er herleg absurd. Ein blir sugd inn i universet, og vil berre ha meir. Ein vil vere der, saman med Morrigan.

Magien er det ekstra krydderet som gjer det både morosamt og spanande. Du blir med på eit eventyr der mekaniske edderkoppar, snakkande kjempekattar, og merkverdige personar er like vanleg som at du går på badet og børstar tennene.

Neste Harry Potter?

Boka er sjarmerande, morosam og skummel. Dei som likar magi og eventyr har noko å glede seg til. Ingenlund er garantert ei bok mange kjem til å lese. Det er ei slags familiebok som passar like gjerne til eit barn, som det vil gjere for storebror, storesyster, mamma, pappa, bestemor eller bestefar. Denne boka vil bli diskutert rundt middagbordet. Grunnen til at eg seier det, er fordi eg veit korleis bøkene til Harry Potter har engasjert.

Når eg snakkar om Harry Potter: Forfattaren har nemleg blitt samanlikna med forfattar J.K Rowling – ho som skreiv Harry Potter-bøkene. Jessica Townsend kjem frå Australia og har bakgrunn som både konsulent og redaktør.

Ingenlund er også kjøpt opp av ein filmprodusent som vil lage film av boka (og dei komande bøkene i serien).

Det er berre å glede seg!