Superkikkert sikrar skulevegen

Ein superkikkert er eit av våpna Statens Vegvesen brukar for å ta sjåførar som gjer skulevegen utrygg.

No når skulen er i gang er det fint å vite at politiet og Statens Vegvesen har mange kontrollar rundt skulane i heile landet. Med ein spesiell superkikkert kan dei lese av bilskilt på én kilometers avstand.

Bilbelte og mobil

Dei kan også sjå om sjåføren har bilbelte på, og om han eller ho oppfører seg på ein måte som gjer at det er større sjanse for ei ulukke. Som til dømes å snakke i mobiltelefon.