Kompetansemål
Samfunnsfag, etter 7. årssteget
- Gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga
Kunst og håndverk, etter 7. årssteget
- Gjøre rede for hvordan sentrale kunstnere i nasjonalromantikken, renessansen, impresjonismen og ekspresjonismen på ulike måter har satt spor etter seg
LES FAKTALUKK FAKTA
Les artikkelen, Renessanse =atterføding.
Til desse oppgåvene treng du å jobbe med tilgang til internett, leksikon eller andre oppslagsverk. Du treng også teiknemateriale til siste oppgåva.
Del 1
Vel deg ut ein av dei tre store kunstnarane og skriv om han.
- Leonardo di Vinci
- Rafael
- Michelangelo
Sjekkliste over kva du må få med deg:
- Biografi: namn, født, død, nokre av dei mest kjende verka.
- Oppvekst
- Korleis arbeidde kunstnaren
- Kva var kunstnaren oppteken av når det kom til kunsten sin
Del 2
Vel eit av meisterverka til kunstnaren og skriv om det.
Dette må vere med:
- Tittel
- Når blei verket laga?
- Kvar kan ein finne kunstverket?
- Er det noko spesielt med kunstverket som bør nemnast?
- Kvifor skil verket seg ut frå kunsten frå mellomalderen?
- Kva er typisk med kunst frå renessansen?
DEL 3
Prøv å kopier eitt av verka til kunstnaren. Du kan velje å enten gjere det heilt likt, eller prøve å gjere det meir moderne, og tilpasse det vår tid.