Renessansen = atterføding

Renessanse er ei periode i europeisk historie som starta i Italia på starten av 1400-talet, og som spreidde seg utover i Europa.

David-statua er eit av verka til Michelangelo. Ein ser tydeleg at han hadde studert anatomien. Altså korleis kroppen såg ut.

Kvifor kom ei ny periode?

Renessanse betyr atterføding. Det vil sei noko som blir født på nytt. Sjølv om denne perioden starta tidleg på 1400-talet i Italia, kom ho ikkje til Norden før på 15- og 1600-talet.

Vi kan dele renessansen inn i tre delar. Før-renessansen, tidleg-renessansen og høg-renessansen.

I Italia, i hovedsak i byen Firenze, byrja folk å vise interesse frå antikken sin kultur, filosofi og kunst.

Ein byrja å beundre alt det gamle, og ville kome seg vekk frå det som i dag vert kalla mellomalderen. Mellomalderen er perioden mellom antikken og renessansen.

Mona Lisa av Leonardo da Vinci er kjend for smilet.

Kunstnarar frå renessansen

Frå renessansen har vi mange kjende kunstnarar. Dei tre mest kjende er Leonardo da Vinci, Michelangelo og Rafael.

På måleria og skulpturar frå denne tida ser ein at alt skulle sjå naturleg ut. kunstnarar studerte anatomi, læra om kroppen, for å gjere alt naturleg.

Djupn i bileta

Kunstnarar byrja også å utforske perspektiv i måleria. Ein gjekk frå typisk flate bilete til å kunne sjå innover i måleria. Det var ei form for djupn. Kunstnaren Masaccio var ein av dei fyrste som prøvde seg på dette.