Skriv ein liten tekst om kva boka handlar om utan å røpe slutten.
Ting du kan ta med som gjer det interessant for dei som skal lese bokmeldinga di:
- Kven passar boka for?
- Kvifor anbefalar du boka?
- Var boka morosam, trist, lærerik?
- Korleis er språket?
- Kva var bra med boka?
- Var det noko som mangla i boka?
Send inn på tips@framtida.no
God sommar!
Og hugs det Maria Parr sa til Framtida junior tidlegare:
– Å lese er ikkje det viktigaste ein gjer. Det viktigaste er å leike og leve og klatre og vere saman med andre. Men å lese, eller å bli lest for, det gir så mange nye tankar og følelsar. Ofte kan det å gå inn i ei historie gjere at vi kjenner oss mindre aleine og at vi forstår meir.