Laurdag 2. juni var artsjegerar i heile landet på jakt etter alt som kryp, gror, flyr og rører seg i norsk natur. Alle konkurrerer om å finne flest artar i landet, og den som vann landskonkurransen vart:
Stor interesse
På Fornebu hadde dei ein eigen konkurranse på Besøksenteret våtmark Oslo. Der vart det Selma og Kasper Øverbø som fann flest artar!
LES MEIR: Er du ein artsjeger?
– Vi er kjempeglade, seier Selma og Kasper.
Søskenparet har vore interessert i insekt og fuglar heile livet og gler seg til å halde fram med å leite etter fleire artar.
Sjeldne artar
75 små og store artsjegerar var med på jakten denne dagen. Dei hadde med seg håv, kikkert og lupe for å finne dyr og planter.
Nokon av dei mest spesielle artane som vart funne var den sjeldne blomen dragehode, sommarfuglen kløverblåvinge og humla steingjøkhumle.