Geolog om at olja stammar frå dinosaurar: – Myten må knusast

– Nei, olja stammar ikkje frå dinosaurar, seier norsk geolog til Ung.Forskning.no.

Geologen Reidar Müller, som jobbar ved Universitetet i Oslo, vil at me skal bli kvitt dinosaur-myten.

– Av ein eller annan merkeleg grunn, har det at olja kjem frå dinosaurar festa seg hjå veldig mange. Men olja kjem frå trillionar av bitte små algar og plankton, seier Reidar til Ung.Forskning.no.

Kokte algar og plankton

– Då algar og plankton i havet døydde, sokk dei til botnen. Der la dei seg i tjukke lag, og med tida vart dei dekt av leire og sand. Etter kvart var eit par kilometer under bakken. Her var temperaturen mellom 60 og 120 grader og trykket gjorde at dei vart «kokte», fortel Reidar.

Då oppstod olja – som pipla ut av laga og strøymde oppover til ho trefte på eit tett steinlag.

– Laget fungerte som eit lokk, og det er her me borar ned for å henta opp olja, fortel geologen.

GIF: Giphy.com