I haust protesterte tusenvis av norske ungdommar mot at 16- og 17-åringar kan få gifte seg.
I går bestemte Stortinget at alle må vera over 18 år for å få gifte seg her i Noreg.
I september 2017 sendte over 9.400 ungdommar protestbrev mot at barneekteskap var mogleg i Noreg.
Agnes Nordvik (15) er med i ungdomsbevegelsen «Wedding Busters» som har stått på for å endre den norske lova.
– Vi kan ikkje krevje av andre land det vi ikkje krevjer av oss sjølv, seier Agnes.
– Skal vi få heilt slutt på barneekteskap i verda, må dette bli forbode i alle land, også i Noreg
Agnes Nordvik (15)
Den nye ekteskapslova seier at «den som er under 18 år, ikkje kan inngå ekteskap».
LES MEIR: Utdanning gjer at færre jenter vert gifta vekk
– 12 millionar mindreårige jenter i verda blir gift kvart år, seier kommunikasjonssjef Siv Meisingseth i Plan International Norge i ei pressemelding.
Fleire land i verda har bestemt at barneekteskap er ulovleg. Både Malawi, Den dominikanske republikk, Honduras, El Salvador, Guatemala og Danmark.
Og no: Noreg!