NRK Super har følgd fire barn frå barnehagen til skulebenken.
Sommarfuglar i magen
I åtte episodar møter vi Thelma, Sofie, Oscar og Gaby som skal byrje i 1. klasse.
Det er mange spente sommarfuglar som kriblar rundt i magen. Vi får vere med på denne store reisa, og får eit innblikk i alt dei må lære.
Hugsar du korleis det var å vere heilt ny? Det var kanskje ting du var litt redd for. Det er det heilt sikkert for Thelma, Sofie, Oscar og Gaby også.
Tusen beskjedar
Ingvild Nielsen er regissør, det vil seie at ho har jobba tett med barna under filminga. Ho seier dette til Framtida junior:
– Eg trur den største overgangen for barna var å forholde seg til ein heilt ny kvardag full av tusen beskjedar og faste rutinar. Dei blir nok litt overraska over at skulen er såpass einsforma samanlikna med barnehagen. Som Sofie i serien sa: Det er gøy å lære nye ting, men det er litt kjedeleg også.
Ein serie for alle
Om du er skulestartar, eller ikkje – serien passar til dei fleste. For det er slik i livet, at ein vil alltid oppleve å vere ny igjen, og igjen.
Serien ser du her på NRK Super.