Kva gjer det kjekt å lesa? Og kva gjer det vanskeleg? Kulturtanken har samla svar frå 1887 barn og unge mellom eitt og 19 år. Svara er blitt til ti råd som skal hjelpa Lesekommisjonen med å finna ut korleis barnehagar og skular kan jobba med lesing.
Eit av råda handlar om noko mange kjenner igjen. Når mobilen ligg i nærleiken, er det lett å velja han framfor boka. I kampen mot mobilen taper boka, står det i rapporten frå Kulturtanken.
Barn og unge ber skulen om hjelp til å få gode lesevanar. Dei ønskjer seg meir lesing på papir og tid til å lesa i fred. Nokre meiner også at ein premie i ein lesekampanje eller eit sukkertøy frå læraren kan gjera det meir freistande å lesa.
Skal bruka råda
Lesekommisjonen er ei gruppe regjeringa har sett saman for å finna ut korleis barn og unge kan bli betre til å lesa og få meir lyst til å lesa. Gruppa skal leggja fram sine eigne råd i januar 2027.
– Barn og unge er ekspertar på sine eigne liv. Når me skal finna ut kva som skaper leselyst, må deira erfaringar og meiningar vera ein del av kunnskapsgrunnlaget. Det er nettopp det denne rapporten bidreg med, seier Matias Hilmar Iversen, direktør i Kulturtanken.
Her er dei ti råda frå barn og unge
- Lytt til oss når me seier kva me vil lesa! Dei fleste av oss har veldig klare tankar og meiningar om kva bøker me liker.
- Sats endå meir på skulebiblioteka! Gjer dei til ein stad der me finn mange bøker me har høyrt om og har lyst til å lesa.
- Me ønskjer oss meir tid på skulen til å lesa det me har lyst til å lesa – helst utan at nokon forstyrrar, og utan at nokon gir oss oppgåver om det me har lese. Mange barn og ungdommar blir rolege av å lesa.
- Det er viktig at me får bøker som er tilpassa nivået me les på, med tanke på både innhald og språk. Nokre av oss synest det er vanskeleg å laga eigne bilete i hovudet når me les, og då er det ekstra viktig at me får teikneseriar, eller at bøkene har illustrasjonar eller bilete.
- I kampen mot mobilen taper boka 🙁. Skulen og lærarane kan hjelpa oss med å laga gode vanar. Derfor treng me meir fysiske bøker og mindre skjerm på skulen.
- De må gjerne gi oss påskjønning for at me les 😊. Me liker lesekampanjar med fine premiar, men eit sukkertøy frå læraren kan også fungera.
- Me liker å få boktips – frå influensarar, TikTok, idrettsførebilete, venner, foreldre og skulebibliotekaren. Heng gjerne opp plakatar med boktips der me faktisk oppheld oss på skulen.
- Vis oss og fortel oss kvifor det er viktig å lesa! Me veit me treng det for å utvikla oss, for å lykkast i arbeidslivet og for å kunna ta gode og informerte val, men det er ikkje alltid så lett å prioritera det likevel.
- Alle barnehagebarn treng at vaksne les høgt for dei – gjerne i ein eigen lesekrok med sofa og puter. Der kjenner me oss avslappa og koser oss veldig saman med dei andre barna og dei vaksne som les for oss.
- I barnehagane bør det vera bøker overalt! Me vil ha bøker som er gøye og spennande, og det beste er om me kan låna dei med heim, sånn at me kan lesa dei der òg.





















