Statsbudsjett
- Statsbudsjettet er staten Noregs plan for pengar for eitt år framover.
- I eit budsjett set ein opp kor mange pengar ein skal få inn, og planlegg kor mykje ein skal bruke.
- Det er regjeringa som først lagar eit forslag for statsbudsjett, så diskuterer Stortinget budsjettet.
- Statsbudsjettet blir bestemt seint på hausten og gjeld frå 1. januar det neste året.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Tidlegare i haust la regjeringa fram eit forslag til statsbudsjett for 2027. Sidan det har dei ulike partia på Stortinget diskutert budsjettet og kome med forslag til endringar.
Det er først når minst halvparten av politikarane på Stortinget er samde, at eit endeleg statsbudsjett blir bestemt.
I desse dagar jobbar politikarane for å få landa ein avtale – eit budsjettforlik. I budsjettforliket som ligg på bordet for augneblinken, er ikkje Vesle norske leksikon med, skriv Store norske leksikon i ei pressemelding.
Det er behov for sju millionar kroner frå statsbudsjettet til Vesle norske leksikon for at det skal kunne halde fram med å vere eit tilbod. Slik statsbudsjettet ser ut no, må Vesle norske leksikon leggjast ned frå nyttår.
- Les også: Krise for Vesle norske leksikon
– Vi er enormt skuffa. Det har vore ei sjeldan brei politisk semje om behovet for Vesle norske leksikon. At det likevel ikkje er sett av pengar i budsjettforliket, er nesten uforståeleg, seier Erik Bolstad, sjefredaktør i Store norske leksikon.
Statsbudsjettet for 2027 er enno ikkje bestemt, og budsjettforliket som det her er vist til, har ikkje fleirtal i Stortinget.
– Vi håpar derfor at alle politikarar som ser verdien i Vesle norske leksikon, tek kampen og reddar leksikonet, står det i pressemeldinga.






















