Årleg delar Mental Helse ut Åpenhetsprisen til ein organisasjon, ei gruppe eller ein person som har gjort ein ekstra innsats for å auke kunnskap om psykisk helse.
I år er det Synne Lykkeslet som mottek prisen.
– Ho har lært oss at psykiske sjukdommar kan bety ei form for funksjonsnedsetjing akkurat slik fysiske utfordringar og sjukdommar kan gjere, skriv Mental Helse i ei pressemelding.
Synne lever med diagnosane autisme og Tourettes syndrom. I tillegg har ho OCD (tvangsliding) og angst og er den første deltakaren i Team Pølsa med psykiske sjukdommar.
– Årets prisvinnar har vore så tøff og vist oss korleis det er å ha det vanskeleg når det står på som verst. I tillegg har ho bidrege med håp og er eit godt forbilde for andre barn og unge som strever, seier Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse.
Synne seier at prisen betyr ekstremt mykje for ho.
– Ein av hovudgrunnane til at eg ville vere med på Team Pølsa, var for å spreie bevisstheit rundt psykisk helse og korleis det kan vere, seier Synne.
Som prisvinnar får Synne eit kunstverk og høve til å gi 10 000 kroner til eit valfritt velgjerande formål. Ho skal gi pengane til organisasjonen Plan.





















