Har du kjent at kroppen plutseleg rykkjer til når du sovnar?

Soverykk er vanleg og harmlaust. Men ein ny studie viser at det kan henga saman med korleis me har det.

Soverykk er plutselege rykk akkurat når du held på å sovna. Det kan kjennast som om du fell. Nokre høyrer òg eit høgt smell eller ser lysglimt.

– Då kan det fyra litt i muskelcellene, og dette kan minna litt om ein skvetterefleks, seier Ane Wilhelmsen-Langeland til Forskning.no. Ho er forskar og psykolog ved Haukeland universitetssjukehus.

Dei fleste treng ikkje vera bekymra, for rykka er harmlause.

– Likevel kan dei vera ubehagelege, seier ho.

Forskarar har undersøkt 194 vaksne. Dei som fekk soverykk minst éin gong i veka, sov oftare dårleg og hadde fleire teikn på angst og depresjon. Men studien kan ikkje seia kva som kjem av kva.

Meir søvn kan hjelpa

Stress, dårleg søvn, koffein, nikotin og hard trening rett før leggjetid kan gje fleire rykk.

– Ofte blir det mindre slike rykk når personen får betre eller meir søvn, og at dei søv på tidspunkt som passar døgnrytmen deira, seier Wilhelmsen-Langeland.

– Men viss det skjer svært ofte, forstyrrar søvnen din mykje, eller du òg har krampar, svimar av eller har andre nevrologiske symptom, kan det vera lurt å snakka med lege.

Professor Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen seier at 60 til 70 prosent av folk i Noreg får soverykk innimellom. Han trur rykka kan ha verna jegerar som heldt vakt.

– Det er kroppen sin måte å seia ifrå at du er i ferd med å sovna, har han tidlegare sagt til Forskning.no.