Må du spørja om lov til å dela eit KI-bilete av vennen din?

Du har laga eit bilete av ein ven med kunstig intelligens (KI). Bildet er ikkje ekte, men reglane for å dela gjeld likevel.

Må du spørja alle i eit 17. mai-tog?

For såkalla situasjonsbilete finst det unntak. På slike bilete er hendinga eller aktiviteten viktigare enn akkurat kven som er med.

Det kan til dømes vera bilete frå eit 17. mai-tog, ein demonstrasjon eller eit idrettsarrangement. Slike bilete kan ofte delast utan løyve frå alle når dei viser ei forsamling eller ei hending som har interesse for samfunnet.

Men mange menneske på eit bilete betyr ikkje automatisk at det er fritt fram å dela.

Pass på at ingen blir viste fram på ein uheldig måte, til dømes i ein pinleg situasjon eller tydeleg rusa. Ver òg varsam med bilete og videoar av menneske i krise, som nokon som har vore i ei ulukke.

Kjelde: Ung.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Tenk deg at det dukkar opp ein video av deg i klassegruppa. Ansiktet er ditt, men det som skjer, har du aldri vore med på.

Nokon har brukt kunstig intelligens, også kalla KI, til å laga videoen. Kanskje meiner dei at det berre er ein spøk. Men du har ikkje blitt spurd.

Har dei lov til å dela han då?

Hovudregelen er nei. Ifølgje Ung.no må du spørja om lov før du deler bilete og videoar av andre – også når innhaldet er laga med KI.

Falske bilete

KI kan laga bilete og videoar som liknar så mykje på verkelege opptak at det er vanskeleg å sjå forskjell. Difor gjeld dei same reglane for deling av KI-innhald som for vanlege bilete og videoar.

Du kan altså ikkje rekna med at delinga er grei berre fordi det som skjer på biletet, aldri har skjedd i røynda.

Eit vanleg fotografi kan òg bli brukt til å laga falskt innhald. Såkalla «deepfake»-videoar kan få det til å sjå ut som nokon seier eller gjer noko dei aldri har sagt eller gjort.

Tre ting å sjekka før du deler:

  1. Har du fått lov?

Personane på biletet eller i videoen må som hovudregel seia ja før du deler. Det gjeld anten du har laga innhaldet sjølv eller berre sender vidare noko du har fått.

  1. Veit dei kva dei seier ja til?

Du må forklara kva biletet eller videoen skal brukast til. Spør om den delinga du faktisk planlegg. Ei lukka gruppe er ikkje noko unntak frå hovudregelen om å spørja først.

  1. Treng du løyve frå foreldra òg?

Er personen på biletet eller i videoen under 15 år, må du ifølgje Ung.no i tillegg få løyve frå foreldra.

Kva kan skje med biletet etterpå?

Du deler kanskje med nokre få. Men innhald på nettet kan bli spreidd vidare og dukka opp i søk. Andre kan finna det og bruka det til heilt andre ting enn du hadde tenkt.

Bilete og videoar kan mellom anna bli misbrukte i reklame eller til å laga nytt KI-innhald.

Dei kan òg dukka opp igjen mange år seinare. Difor bør du tenkja gjennom både kvifor du vil dela, og kva følgjer det kan få for deg og andre. Sjølv om delinga ikkje bryt lova, kan ho vera sårande eller uheldig.

Kan ulovleg deling gi straff?

Ja. Å dela bilete eller videoar av andre utan lov kan gi bot eller fengsel i opptil eitt år etter åndsverklova § 79. Det gjeld òg KI-innhald.

Straffelova har dessutan eigne reglar mot deling av krenkjande eller svært privat innhald. Nakenbilete og bilete av nokon som er svært rusa, er døme Ung.no trekkjer fram.

Deling av nakenbilete av personar under 18 år kan gi endå strengare straff.

Barn under 15 år kan ikkje straffast med bot eller fengsel. Reglane for kva ein har lov til å dela, gjeld likevel.

Kjelder: Datatilsynet, Ung.no