Ein kan vere fattig i Noreg, men samstundes ikkje i Niger

Å vere fattig betyr å ha for lite pengar eller andre ting ein treng i livet. Men visste du at det å vere fattig kan bety ulike ting i ulike land.

Det finst nemleg fleire måtar å vere fattig på. Ein av dei blir kalla absolutt fattigdom. Då har ein så lite pengar at ein ikkje får dekt dei viktigaste behova eit menneske har.

Det kan til dømes vere mat, ein stad å bu, straum og klede.

Fleire måtar å måle fattigdom på

Absolutt fattigdom kan bli målt på fleire måtar. Land kan sjølve bestemme kor lite pengar ein person må ha for å bli rekna som fattig. Dette blir kalla ei nasjonal fattigdomsgrense

Verdsbanken har samstundes sett ei internasjonal fattigdomsgrense for det dei kallar ekstrem fattigdom. Ho er på 3 dollar per dag. Det betyr at personar som har mindre enn dette å leve for kvar dag, blir rekna som ekstremt fattige.

Men 3 dollar er ikkje like mykje verdt i alle land. I nokre land får ein kjøpt mykje for pengane, medan ein får kjøpt mindre i andre land. Derfor justerer Verdsbanken beløpet så det blir mogleg å samanlikne fattigdom i ulike land.

Dette bildet er frå eit fattig bustadstrøk i Haiti i Karibia. Foto: UN Photo / Sophia Paris

Niger i Afrika er eitt av landa i verda med mest fattigdom. I 2021 levde omtrent 41 prosent av befolkninga under den nasjonale fattigdomsgrensa. Målt etter Verdsbanken si internasjonale grense levde 60,5 prosent i ekstrem fattigdom.

På verdsbasis lever 826 millionar – rundt 1 av 10 menneske – i ekstrem fattigdom.

Relativ fattigdom

I Noreg er det ingen menneske som lever i ekstrem fattigdom. Samstundes kan nordmenn vere fattige.

Omgrepet relativ fattigdom skildrar nemleg ein annan måte å vere fattig på enn absolutt fattigdom.

Relativ fattigdom handlar om å ha mykje mindre pengar enn dei fleste andre i landet ein bur i.

Ein person kan til dømes ha nok pengar til mat, klede og ein stad å bu, men samstundes ha så lite at det er vanskeleg å vere med på fritidsaktivitetar eller delta på andre ting som andre barn og familiar har råd til.

Å leve i relativ fattigdom kan føre til einsemd blant barn, då dei ofte ikkje har råd til å delta på det same som vennane sine. Foto: Pexels

I 2024 levde over 600 000 personar – rundt 1 av 10 – i relativ fattigdom.

Det betyr altså at fattigdom kan sjå ulik ut i til dømes Noreg og Niger. Kor mykje pengar ein har, kva ein får kjøpt for dei, og korleis ein blir samanlikna med andre, har mykje å seie.

Kjelder: Vesle norske leksikon, Store norske leksikon, worldbank.org, ssb.no, ndla.no og norad.no