Denne artikkelen vart fyrst publisert i Framtida Junior si systeravis, Framtida.no.
Håkon fann i sommar ut at han ville bruke haustferien på å sparke ein fotball frå Bergen til Voss. Strekka er over 100 kilometer. Det opphavlege målet var å samle inn 50 000 kroner.
Han gjennomførte bragda saman med far sin, og dei sov i telt på vegen.
Håkon har sjølv ei storesøster med kronisk sjukdom. Gjennom opphaldet hennar på sjukehuset har Håkon sett kor viktig det er med trivselstiltak som kino, teater, klovnar eller leik, fortel han til NRK.
Kreftforeininga seier til NRK at dei er avhengige av bidrag frå einskildmenneske og bedrifter.




















